top of page

Bli med som utstillar

I 2026 er torgdagen laurdag 19. september.

Torgdagen under Matamål er blitt den største marknadsplassen for sal av lokalmat mellom Ålesund og Bergen! Den har eit trufast publikum som kjem for å handle mykje god mat og for å kose seg. Vi gler oss over mange gode tilbakemeldingane frå både standhaldarar og besøkjande kvart år.

Matamål Torgdag skal løfte fram lokalmat og lokale produsentar. Vi prioriterer difor aktørar med lokalproduserte varer og matkonsept med lokal forankring, framfor ordinære food trucks og fastfood-konsept.

Bruk skjema under for å bestille plass.

Standplass
Standplass 3x3 meter, kr.1300,-
Standplass 6x3 meter, kr.2500,-
Bil/kjølebil m/utsal e.l. etter avtale
Standplass 3x3 meter FRIVILLIG LAG, kr. 600,-
Maskinutstilling, kr. 5000,-

Alternativ prising

For dei aller minste standholdarane er det høve til å betale ei leige regulert utifrå sal.

Prisen her blir 10% av omsetnad. Dette må gjerast avtale om på førehand!

Tilval:

Alle prisar er utan mva som kjem i tillegg.

bottom of page