

Torgdagen
Laurdag 19.september kl.10-16 vert det stor torgdag i Sandane sentrum.
Desse er påmeldt med stand til årets torgdag:
Lista vert fortløpande oppdatert!
Har du lyst å ha stand på årets Matamål?
Meir info og påemlding her.
Sal av varmmat under torgdagen
Legg middagen til Sandane denne dagen! Vi har fleire som tilbyr sal av varmmat, både blandt våre etestadar som ligg i sentrum og blandt dei som har stand. Vi kan friste med:
-
Sosekjøt - Sølvane Matbar
-
Rømmegraut - Fjellestad Gardskjøken
-
Ølburger - Oppstryn Urtemanufaktur
-
Grilltallerken med fisk - Kadaver
-
Thaimat - Sandane Thaimat og 4kløver
-
À la carte meny - Mona Lisa
-
Burger av Skotsk Høglandsfe frå Skrede i Jølster - Torbjørn Feldt
-
Burger av geit - Kandal Kjøtt
Meir informasjon
Kl. 10-16 Stand og aktivitetar i sentrum
Kl. 10-16 Kunstutstilling på Gloppebua
Kl. 15.00 Utdeling av Årets stand, Årets publikumsfavoritt og Årets overrasking!
Gloppen Bondelag har stor stand med kaniner, sau, lam, kalv og geit. Det vert øksekast, hopping i høy, køyring med traktor og hengar, og salg av kaffi og vafler. Stall Rygg kjem med hester for riding.
Felleskjøpet og Eiksenteret har utstilling av traktorar, maskiner m.m.
Gloppen Kunstlag har utstilling av bilete og gjenstandar knytt til mat i galleriet i kaféen på Gloppebua. Gratis adgang!
Hyen Fisk og Nordfjord Laks kjem med produksjonsbåt til gjestebrygga denne dagen. Dei har omvisning og tippekonkurranse
for barn. På land har dei stand med smaksprøver og informasjon. I samarbeid med Coast Seefood AS og Kadaver i Måløy vert det
eigen salsstand med grilling av fisk og andre spennande sjømatprodukt!
Gloppen Bygdekvinnelag har i samarbeid med Gloppebua tradisjonsmat som tema. Det vert demonstrasjon og smaksprøver av flatbrødbaking, og sal av kaffi, kake og dessert i kaféen.
Det vert satt opp fleire mattelt i sentrum denne dagen. Her kan du slå deg ned med mat og drikke som du har kjøpt på standområde
eller om du berre treng ein pust i bakken mellom slaga.
På Kattahamrane har Gloppen Produsentlag utsal av sesongens varer, og Hageland og Felleskjøpet har gode tilbod!